mandag 13. august 2012

Hulda Garborg om tette og tjukkmjølk

Hulda Garborg om tette og tjukkmjølk.
Av Per Hvamstad


Tjukkmjølk, skjørost og rømme er noe som hører Nord-Østerdalen til, sjøl om ein og finn det andre stader, i andre fjell- og mjølkebygder, sikkert over heile verda. Det er først og fremst sommarmat. Verdfullt for Fjellregionen er det at Rørosmeieriet har fått sikra seg tjukkmølk som merkenamn, eller som det står på mjølkekartongen ”beskyttet geografisk betegnelse” og dermed aukt fokus på dette lokale produktet..

Men korleis laga ein tjukkmjølk?. Svaret blir at ein måtte ha tette, som altså er ein slump tjukkmjølk eller tettemjølk. Men korleis kunne ein laga seg tette om det hadde vorti tomt for tjukkmølk? Dette er eit spørsmål som også blir reist somme tider no, sjøl om vi berre kan gå på butikken. Før var det ikkje aktuelt, da hadde ein tjukkmjølk sjøl eller i alle fall på nabogarden! Korleis Rørosmeieriet fekk seg tette kan vi lese om på kartongen: Økologisk Tjukkmjølk fra Røros. Tettemjølk er tradisjonell mjølkerett fra Røros-traktene. Gammel tradisjon. Tjukkmjølk er framstilt ved hjelp av tettegrasplanten. Bladene ble skylt og lagt i ei lita treskål. Fersk lunken mjølk ble slått over og satt på et lunt sted. Når mjølka stivnet var ”tetten” klar til bruk. I dag bruker vi gamle tettekulturer fra Rørostraktene, som gir mjølka naturlig fast og tjukk konsistens…”
 Tettegras finner en i rikt mon!
Rørosmeieriet serverer den gamle historia om bruk av tettegras, men bruker sjøl gamle tettekulturar, altså tjukkmjølk.

Spørsmålet om korleis ein laga tjukkmjølk er reist før.

Hulda Garborg interesserte seg mye for kosthald, også den tradisjonelle maten. Vel kjent er boka hennar om kosthaldet med oppskrifter, m a frå nabokjerringane opp med Savalen og i Strålsjøåsen. Tettemjølk var noe ho likte. Ho var og oppteken av korleis den vart laga og brukt. I familiebladet For Bygd og by, som starta i 1912, var Hulda Garborg redaktør for ”Heimen” som tok opp tema knytt til kosthald, handverk, husflid.
I fleire nummer er det stoff om tette og tettemjølk.
” Så drog me då til fjells og skulle leite etter tette. Me drog like opp åt Strålsjøen i Nord-Østerdalen, for betre ”tettemjølk” enn hjå gardkjerringane oppi Åsa, kring Strålsjøen og Savalen veit me ikkje om” skriv Hulda Garborg i september 1915.
Astid Straalberg, som var frå Sunnmøre, vart spurt om korleis ho laga tette. Det var bare å smørja lite grann mjølk i botnen på bunken og ha på mjølk. Da vart det tettemjølk ja, men tette? Når du skal gjømme tette tek ein litt seig mjølk eller rømme i ein kopp og siler nymjølk på. Geitmjølk var best. ”Det var det same. Ein laut ha noko ”seigt” aa sile paa” Så måtte spørsmålet komma: Har du høyrt om bruk av tettegras eller tettegubbar (sniler)? Nei det var heilt ukjent for Astrid. Mannen, Olaf Straalberg, bryt inn: ”Nei eg skal segja deg koss du fær ti tette: du skal laane hjaa’ne Ingerid Vanga. Ho hev støtt havt god tette; alt fraa eg var smaaguten minns eg ho mor sende meg aat ’ne Ingerid etter tette, naar me hadde susle bort vaar”. Susle bort, somle bort, brukt opp i tankjeløyse.
Hulda til Ingerid Vangen som var 70 år og hadde stelt kyr all sin dag: ”Koss lagar du tette ?

Tette? Jau tette skal du faa hjaa meg, er so du vil ha, og so skal du berre strjuke litt-”

Svaret vart som Hulda hadde frykta, ho skulle ikkje ha tette, men laga tette.

”Men koss lagar du sjølve tetta? Er det tettegras eller tettegubbar eller”

Nei det hadde Ingerid aldri prøvd og strekar på nytt under: ”Før i tida så hadde dei nå tette på alle gardar og susla me bort ho nokon gong, så fekk me berre ti lite i nabogarden. Men ho mor hadde no jamt så god tette, at me slapp å låne, dei andre kom no helst hit”.
Ingerid hadde hatt tette etter mor si, ho hadde ikkje vori tettelause før i vår, da ho hadde vori klein. Da fekk ho tak i att tette: ”det var som sagt ikkje langt etter ’ne. Sunn og god, sju,…. men nå gjeng ho mykje av bruk”
Hulda må enno ein gong prøve seg og spør om Ingerid kjenner til tettegraset
”Ja eg kjenner sagte den….ha’ no mange gonger tenkt eg skulle freiste um det let seg gjera aa faa te’ tette av ’ne…, men det har alder vorte”
Men vil du gjømme tetten, så skal du ta noen skjeer i ein liten kopp av den mjølka som er like under rømmen på tettmjølkbunken, så lyt du sile på nymjølk, geitmjølk er best. Det må stå kaldt, men aldri fryse. ”..so lyt du sile paa att litt kvar vike”, forklarer Ingerid nok ein gong..

Med dette må Hulda gi seg. ”Når ikkje Ingrid kann laga tette, so kann ingen…. me  hev ein gamall ”stamme” og kjerringane” har akta like vel på han som dei akta på varmen i gamle dagar, som dei og lånte hos kvarandre dersom han gjekk ut.

Men tanken på bruken av tettegras gjev ho likevel ikkje heilt opp,

I dei neste nummera av For Bygd og By kjem det mange innlegg om tette og tettemjølk, frå Nordfjord, Trøndelag, Sunnfjord og Setesdalen. Alle fortel om korleis dei brukar mjølk eller rømme og silar på nymjølk og får tettemjølk. Men bruk av tettegras og sniler ” eg hev høyrt at dei på Strilelandet skulle bruke en liten grå snile til tette, tettegubbe, men eg trur ikkje det er sant”, skriv Petrine Meland frå Nordfjord.

Også frå Nord-Østerdalen har vi høyrt at noen har brukt tettegras for å få tjukkmjølk, som eit forsøk, men også på alvor. Men det var tydeleg berre ved spesielle høve. Det vanlegaste var nok å hente tette hos naboen og så over tid dyrke framatt si spesielle tjukkmjølk med rett konsistens, surheit og smak, om ein hadde vori så tankelaus som å  ”susle burt”  sin eigen. Men nå er det ikkje noko problem lenger, Rørosmeieriet har både tjukkmjølk og tette.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar